Fin recension av FFF i norska Dagen

Postat: 24 november, 2023 av olofedsinger i Reflektioner

För några veckor sedan kom min bok Farliga för fienden på norska. Och nu har den fått en ingående och positiv recension i norska Dagen:

På tide å ta den alvorspraten om åndskamp?

I mange kristne samanhengar er «åndskamp» blitt ein standard-vits når kaffimaskina streikar eller kopimaskina har hengt seg opp. Olof Edsingers nye bok får oss på sporet att og kan fort vekkja debatt.

Den produktive svensken Olof Edsinger (f. 1976) er ute med ein ny tittel på norsk, «Farlige for fienden – En bok om den åndelige kampen og hvordan den kan vinnes».

Boka kom ut på svensk tidlegare i år, og er på dei siste månadane blitt ei av dei mest populære på den svenske kristne bokstrøymetenesta Keystory, ifølgje forfattaren. Det er ein indikator på at han har treft ein nerve i kristenfolket med denne boka, som også bør bli etterspurd her til lands.

Edsinger sjølv meiner at fenomenet åndskamp ikkje er noko som kristne fornektar, men noko det er altfor lite konkret kunnskap om. Han synest dessutan motivert for å skriva denne boka for å auka det generelle medvitet om noko Bibelen snakkar svært ope om.

Boka hans gir ei grundig og pedagogisk framstilling av kva Bibelen seier om kampen mellom det gode og det vonde. Ho er også ei påminning om korleis kampen kan utspela seg i livet og er dessutan å rekna som ei handbok i korleis ein skal forhalda seg til åndskampen på eit heilt praktisk og konkret plan.

Det vil garantert vera uvant og vekkja reaksjonar at Edsinger går så konkret til verks. Når han skriv om namngjevne artistar frå 60- og 70-talet som «superspredere» for åndeleg virus som har grep på kulturen vår, er det godt mogleg nokre lesarar vil rygga. Samstundes er det nettopp denne viljen til å snakka konkret som gjer boka ekstra aktuell og leseverdig.

Forfattaren argumenterer nemleg svært godt for dei påstandane han set fram, og dette gjer at boka blir spennande heilt utan å vera spekulativ. Dessutan leverer Edsinger nettopp på det han sjølv meiner har vore mangelvare innan oppbyggjeleg litteratur.

Problemet har nemleg vore at åndskamp har blitt framstilt som noko abstrakt. Som han utdjupar i innleiinga: «Kanskje temaet er relevant for en slags åndelig elite, men ærlig talt mest for de overspente – og definitivt ikke for vanlige kristne.»

Men det er nettopp vanlege kristne Olof Edsinger skriv for her, og han refererer til Bibelen for å grunngi kvifor det er ei ståande utfordring for alle truande til å ta opp kampen mot dei åndelege fiendane våre.

«Vi befinner oss i strid», konstaterer Edsinger, utan at han let det faktum henga i lufta som ein interessant observasjon. Her er nemleg innsikt, råd og verktøy for alle kristne som er klare for å ta dei åndelege realitetane innover seg.

Her er det også verdt å stoppa opp litt ved det at vi i mange ulike kristne miljø ser ut til å vera så atterhaldne med å snakka om åndskamp på seriøst og ordentleg vis. Kanskje det nettopp er frykta for å verka overspente at vi har overgitt omgrep som eksorsisme til å bli leikegrind for verdslege filmmakarar? Kanskje det er frykta for å trakka i bedet til psykologi og psykiatri som får oss til å manøvrera unna det Bibelen bed oss ta høgde for?

Grunnane kan vera mange, og nettopp derfor er det nyttig at denne boka er seriøs og bevisst på grøfter og slagsider.

Ein annan svenske, Magnus Malm, gav for nokre år sidan ut ei viktig bok med ei råkande tittel: «Som om Gud ikke finnes». Om ein ikkje lever som praktisk ateist i tråd med Malms tittel, kan likevel sjølve den åndelege dimensjonen gå tapt i det massive trykket frå ein svært materielt orientert kvardag.

Her er Olof Edsingers realistiske tilnærming svært utbytterik og fortener eit vidt publikum. Han snakkar konkret om demonar sine eigenskapar, om vonde ånders nærvær i livet vårt, om korleis åndskamp artar seg i kvardagen, der ein trass alt lever det meste av livet.

Argumenta for at slike saker har blitt lite drøfta i norsk og nordisk samanheng, er kanskje ei oppfatting av at det vert «å gje djevelen rom», noko til dømes Peter åtvarar mot. Men, Edsinger viser til C.S. Lewis, som i klassikaren «Djevelen dypper pennen» minner om at det er to slags grøfter ei kan falla i. Både fornekting av og overdriven merksemd på den vonde er nemleg potensielt katastrofalt.

Edsingers poeng som gjennomsyrer boka, er at vi i Vesten er nærare den første grøfta, og dermed vert sårbare og lite motstandsdyktige som kristne. Han meiner «en av de viktigste konklusjonene» med bakgrunn i framstillinga er å øva opp det han kallar «åndelig klarsyn», både på individ- og forsamlingsnvå.

Her er vi ved ei av boka sine mest avgjerande innsikter: «For å øve oss i åndeleg klarsyn, er det ikke først og fremst den onde vi må studere – men Kristus.»

Denne innsikta er ikkje berre ei som blir dregen fram midtvegs i boka, men er heilt klart eit kompass for heile framstillinga. Dermed maktar Edsinger å gje ei balansert framstilling utan å falla ned i unyttig generaliserande snikksnakk. Han peikar på trendar og straumdrag vi kjenner att frå samfunnet rundt oss, og gjer koplingar til den åndelege realiteten vi som kristne orienterer oss ut frå. Han drøftar tema som abort, dødshjelp, pride og humanisme – berre for å nemna nokre.

Endeleg trur eg ein kvalitet ved boka som særleg kjem til uttrykk i etterordet, er at ho snakkar alvorleg om det nødvendige ved denne kampen, han er ikkje eit overskotsfenomen for den som måtte sjå seg sjølv som eit naturleg val i Guds fremste falanks. Nei, åndskampen gjeld oss alle, og Bibelens forfattarar har alle ord som legg innover oss at vi treng å vera kampklare.

Eit kjent døme, som også Olof Edsinger går gjennom, er Efesarbrevets avsnitt om Guds fulle rustning. Men boka argumenterer godt og leseverdig for at dette ikkje ein metafor for særskilde høve, men ein måte å leva på som kristne. «Farlige for fienden» er ei vekkjarklokke for døsige kristne, men også ein velskriven invitasjon til å leva tettare på bibelske realitetar.

Sofie Braut

Lämna en kommentar